onsdag 22. september 2010

Forskjellar og likskapar

Forskjellar og likskapar
Det fyrste som eg tenkjer på når det gjeld likskapar er at dei begge observerer og reflekterer over det som er rundt dei. Dessutan er begge dikta skrive ut ifrå lik tid på døgnet virka det som. Frå diktet til Sigbjørn ser han på den kvite himmelen , dei gråblå skyene og den blodige sola. Ei ting eg legg merke til er at han brukar nokså rare adjektiv for å beskrive det han ser. Det kan vere fordi han føler seg som ein framand  for verda han er i og at han føler alle desse elementa som kanskje litt skumle og mektige.  Naturen er et viktig tema i begge dikta som stadig blir framstilt som truande på ein måte.” Med ett blir jeg redd jeg ser at havet kommer nærmere” fra ”Hjernen er alene”.
Kanskje dette skal vere eit bilete på noko anna? Dersom eg tar denne tanken inn i ”Jeg Ser”, kanskje himmelen er kvit, skyene er gråblå og sola er blodig fordi dei ser annleis ut i den store, nye industrialiserte lufta som no har kome på 1800-tallet. Denne personen føler seg tydeleg framand, utilpass og einsam i likskap med personen i ”Hjernen er alene”. 

Det er eigentlig ganske vanskeleg og prøve å tolke begge desse tekstane. Spesielt kinkig er det å prøve å forstå kva som eigentleg skjer i teksten til Delillos. Heile teksten virke som ein person som er lagt inn på psykiatrisk avdeling for psykiske lidingar. Som i ”Jeg Ser” føler personen i Delillos seg også aleine og framand i den verda han lever i.

Over til en forskjell. Stemninga som begge av dei to uttrykkjer er ganske ulike. Personen i ”Jeg Ser” er ganske rolig og bruker meir tid på å reflektere over det han ser, de siste tre verselinjene er nesten litt humoristiske ” jeg er visst kommet på feil klode! Her er så underlig…”. Det liksom litt sånn ”ja, enkelt og greit!”. Men personen i den andre teksten blir meir og meir uroleg, fortvilt og til tider panisk. Ein annen forskjell er at i ”Jeg Ser” så får man ganske ofte ein slags stadfesting på at personen i handlinga veit hva som foregår, alt er tydeleg og klart. Alle disse stadfestingane han kjem med heile tida ” dette er altså verden, dette er altså jorden, dette er altså menneskenes hjem”. Men den andre teksten så er nye ting som skjer heile tiden, plutselig er det masse menneska bak, havet er borte, personen føler seg meir utrygg og sjølve historia rundt det blir ikkje like klar.

Det at det er eit vendepunkt i begge tekstane er ein likskap. I ”Jeg Ser” ser eg på ”de gråblå skyer samler seg. Solen ble borte” herfrå observerer han menneska og dyr og dette får han enda meir til å føle at han ikkje høyrer heime der. Hos Delillos må det være når han ropar etter hjelp sjølv om han veit at ingen vil høyre han og det er bare hjernen aleine frå nå av. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar